Nasjonalmuseet

Adrián Villar Rojas. The End of Imagination

  • Åpent til 20:00

Dei monumentale skulpturane til Adrián Villar Rojas tar over to av lyshallane på museet.

Kva skjer med kunsten om menneska ikkje lenger eksisterer? Er kunstnarleg produksjon nødvendigvis knytt til menneska som art, eller kan han overleve utan oss? Korleis vil verda sjå ut når vi ikkje lenger er her? Dette er nokre av spørsmåla som gjerne dukkar opp i møte med kunsten til Villar Rojas.

Utstillinga samlar tre massive skulpturar frå serien «The End of Imagination» – skulpturar med heimsøkande og overjordiske former som ser ut som dei er gravne ut frå ei ubegripeleg framtid.

«Adrián Villar Rojas. The End of Imagination» er den første utstillinga til den argentinsk-peruanske kunstnaren i Noreg og den første større presentasjonen av desse verka i Europa.

Nasjonalmuseet

Åpningstider

  1. Mandag10:00 - 17:00
  2. Tirsdag10:00 - 20:00
  3. Onsdag10:00 - 20:00
  4. Torsdag - Søndag10:00 - 17:00

Kontaktinfo

Brynjulf Bulls plass 3, 0250 Oslo
21 98 20 00

Tilgjengelighet

Ingen informasjon