
Nasjonalmuseet
Omvisning: Kunstaktivisme
I denne omvisinga ser vi på samlinga til Nasjonalmuseet og spør – kva er kunstaktivisme?
Kunst kan tenne gneisten for nye tankar, meiningar og engasjement. Både i tidlegare kunsthistorie og i samtidskunsten finn vi kunstnarar som bruker kunst til å protestere, skildre urett og kommentere samtida.
I denne omvisinga ser vi nærare på utvalde verk frå samlinga – verk som på kvar sin måte kastar lys over kunstens kraft og relevans i si samtid. Vi utforskar korleis kunstnarar har teke del i samfunnsdebatten gjennom tidene, og korleis kunsten kan utfordre, engasjere og opne for nye perspektiv.
Omvisinga er gratis med gyldig inngangsbillett til museet.