
I utstillinga si på Kunstnerforbundet visar Cato Løland ein ny serie vegghengte skulpturar, med skjelett av armeringsjern og metallnetting som glimtvis kjem til syne under materiala som dekker dei. Dei kan minne om overdimensjonerte belgkapslar, snitta på langs, slik at ein kan studere innsida. Her finst det ei vilje til å syne fram, kunne ein tenke, men den blir brote av med ei trong til å dekke til. Tekstilbitar heng som slør eller i laser, over formene. Den krumma fasongen gjer at innsida av skulpturane er delvis skuggelagte. Det er ingenting inne i belgane, kunne ein sagt, i alle fall ingen perleforma frukter som ligg klare. Så blir blikket i staden retta mot skalet, mot behaldaren: mot kva behaldaren består av, og kva den likevel rommar.
(Utdrag fra tekst av Cecilie Almberg Størkson)