1719f780c728a1003773fbbf5a772a5604203686
KORO (Kunst i offentlig rom)

Fagseminar: Kunsten i det nye regjeringskvartalet

Outi Pieski, Jumana Manna, Damla Kilickiran, Nora Ceciliedatter Nerdrum, Helga-Marie Nordby, Drew Snyder
  • 11:00
    16:00

NB: Seminaret er på Litteraturhuset i Oslo (rom: Wergeland).

Første fasen av KORO sitt kunstprosjekt i det nye
regjeringskvartalet opnar i 2026. På seminaret vil kuratorane
fortelje om kunststrategien som ligg til grunn for dei kuratoriske
vala; korleis dei har tenkt kring produksjon, innkjøp og eksisterande
verk, om det å etablere ei kunstsamling i sentrum av makta, og
kva det betyr å arbeide med kunst i eit prosjekt med stor offentleg
interesse. Eit utval kunstnarar vil fortelje om kunstverka sine og
dele erfaringar og refleksjonar frå arbeidet.

Arrangementet blir strøyma, og tilgjengeleg på KORO sine nettsidar
i ettertid.

Du kan lese meir om kunsten i regjeringskvartalet og melde deg på seminaret på koro.no

KORO (Kunst i offentlig rom)

Staticmap?center=59.913396,10.727105&zoom=16&size=363x220&markers=59.913396,10

Kontaktinfo

Victoria Terrasse 11, inngang Løkkeveien, 0251 Oslo
22 99 11 99

Tilgjengelighet

Ingen informasjon